Gå til hovedside Innherred samkommune Innherred samkommune

Samkommunestyret 05.02.15

sak 5/15

<<forrige sak | vedtakneste sak>>

 

Høyring - avvikling av samkommunemodellen

 

Saksbehandler:

E-post:

Tlf.:

Ola Stene

ola.stene@levanger.kommune.no

74052714

 

Arkivref:

 2015/163 - /

 

 

Saksordfører: (Ingen)

Utvalg

Møtedato

Saksnr.

Samkommunestyret

05.02.2015

5/15

 

Administrasjonssjefens forslag til vedtak:

  • Samkommunemodellen har vore eit godt alternativ til dei andre modellane for interkommunalt samarbeid, særleg i forhold til demokratiperspektivet. Innherred samkommune beklager derfor at modellen no ser ut til å forsvinne frå kommunelova mindre enn 3 år etter at den vart vedteke og etter at det har vore gode erfaringar med den mellom dei som har teke den i bruk.
  • Dersom det blir ståande at modellen skal avviklast seier Innherred samkommune seg nøgd med at vi som allereie er samkommunar får drive desse til 1.1.2020, då den nye kommunestrukturen etter planen skal være på plass.
  • Meirkostnader som deltakarkommunane i ein samkommune får som følgje av lovendringa bør kompenserast av staten etter eigen søknad med dokumenterte kostnader.

Vedlegg:


Andre saksdokumenter (ikke vedlagt):

Ingen

Saksopplysninger:

I samband med Kommuneproposisjonen for 2015,Prop. 95 S (2013–2014) foreslo regjeringa at samkommunemodellen blir avvikla i samband med den varsla kommunereformen. Grunngjevinga var at ein meiner at kommunesamanslåing er ei betre løysing for kommunar som vil samarbeide på så mange område som det samkommunen gir høve til. Vidare at den fins andre modellar for mindre omfattande samarbeid mellom kommunar, så som vertskommunesamarbeid og interkommunale selskap (IKS).

Forslag til nødvendige endringar i kommuneloven for å fjerne samkommunemodellen frå lovverket er no sendt på høyring med høyringsfrist 13.04.2015.

Forslaget blir gjennomført ved å oppheve kommuneloven kapittel 5 B.

Departementet tek sikte på at lovendringa skal gjelde frå sanksjoneringstidspunktet. Dette vil seie at ingen nye samkommunar kan opprettast etter dette tidspunktet.

Departementet foreslår ein overgangsperiode for dei eksisterande samkommunane, slik at desse samkommunane må vere avvikla seinast innan 1.1.2020.

Departementet skriv at en går ut frå at lovforslaget ikkje vil føre til administrativt meirarbeid for andre enn dei kommunane som har teke i bruk modellen. For kommunane som blir omfatta, kan dei administrative konsekvensane vere av eit visst omfang, noko avhengig av kva type oppgåver dei har lagt til kommunesamarbeidet, og omfanget av oppgåvene. Desse kommunane må omstillast, oppløysast og organiserast på nytt i samband med tilbakeføringa av oppgåver. Departementet skriv vidare at dei vurderer det slik at den lange fristen for å avvikle samkommunane kan medverke til at avviklinga blir planlagd og gjennomført på ein tenleg og kostnadsmessig god måte.

Vurdering:

Levanger og Verdal kommuner søkte saman med Frosta kommune om å prøve ut samkommune som ein måte å organisere omfattende og forpliktande interkommunalt samarbeid på i 20.03.2003. I søknaden var det 3 samfunnsmessige mål:

  • Bedre og mer effektive tjenester og oppgaveløsning
  • Utvikling av sterkere lokalsamfunn og regional utvikling
  • Utvikling av nye politikerroller og styrking av lokaldemokratiet

Som kjent bestemte Frosta kommune seg for ikkje å bli med i samkommunen etter kommunestyrevalet i 2003. Verdal og Levanger fekk imidlertid godkjent forsøk med samkommune med heimel i forsøkslova. Vi fikk også betydelege tilskott frå departementet og frå fylkesmannen i Nord-Trøndelag.

Forsøket vart evaluert av Trøndelag Forsking og Utvikling, Rapport 2007:1 Oppsummert sler forskningsrapporten fast at samkommuneforsøket må betraktast som ein suksess. Det blir særleg peika på at forholdet mellom dei to relativt jamnstore nabokommunane Levanger og Verdal tidlegere var prega av rivalisering og lite samarbeid. «På kort tid har samkommunen bidratt til å etablere et omfattende samarbeid og oppnådd betydelige effektiviseringsgevinster i form av bedre tjenester eller besparelser innen en rekke områder.» som det står på side 15 i rapporten.

Opprinnelig forsøk var på 2 år som sidan vart utvida med 2 nye år og etter kvart på permanent basis med hjemmel i dei bestemmelsene om samkommune som kom inn i kommunelova i 2012.

Ettersom kommunestyra i Levanger og Verdal ved svært mange høve sidan 2003 har endt opp med at samkommunemodellen er den beste og mest demokratiske samarbeidsmodellen, var det stor glede på Innherred då kommunelova i 2012 vart endra slik at vi kunne halde fram med samkommunen inn i framtida. Overraskinga og skuffelsa var derfor stor når lova alt etter to år og før modellen har fått breia om seg vart føreslege avskaffa.

Samkommune kunne vore ein mulegheit til å løyse mange av dei utfordringane som blir haldne fram som begrunning for kommunereformen. Dette gjeld både behovet for større robuste miljø på enkelte fagområde, samarbeid om spisskompetanse, kostnadseffektivitet og for å behalde eit godt fungerende nærdemokrati.

Med dei store avstandene ein har i store deler av landet er det all grunn til å tru at ein også etter kommunereformen vil bli sittande med kommunar under 15 000 innbyggjararar. Særleg for desse kunne samkommune vore ein egna organisasjonsform.

Dersom forslaget fra regjeringen om å ta bort hjemmelen i kommuneloven om samkommune blir vedteke, er det viktig at overgangsperioden for eksisterande samkommunar blir sett til 01.01.2020, som er satt som seneste gjennomføringsdato for kommunereformen.

Kor kompleks og kostbar ei avvikling av samkommunen vil bli, er avhengig av kva som kjem til erstatning. Om kommunane som er i samkommune i dag vel å slå seg saman vil det sannsynlegvis ikkje bli ekstrakostnader.

Om det ikkje blir oppslutning om sammanslåing i alle kommunane og samarbeidet må løysast opp, vil være langt meir komplisert og en må da kunne pårekne betydelige kostnader. Eksempel på slike kostnader kan være knytta til oppløysning av arkiv (fysisk og digitalt), felles maskin- og serverpark, felles programvare, nedlegging av eksisterande og oppbygging av nye tenestestader, leasingavtalar osv. Kommunane tok opp desse spørsmåla i videomøte med departementet før jul 2014.

Det vil være rimeleg at staten bidreg til å dekke desse avviklingskostnadene ettersom dei vil være ein følge av lovendringa.
Gå til topp 

<<forrige sak | vedtakneste sak>>

Gå til hovedside Innherred samkommune